Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til kick-off
Kick-off verdiskapning: Korleis kan du og vi skape verdiar av kulturarven i Møre og Romsdal? Bli med på kick-off for ‘Ein bit av historia’!Dato | 4. desember kl. 09:00 - 16:00 |
---|---|
Sted | Bergtatt opplevelser, Eide |
Påmeldingsfrist | 23.november 2018 |
Deltakelse | Gratis |
Har du gått Kongeveien over Filefjell, eller høyrt nokon skryte av pilegrimsvegen frå Spania til Portugal, Santiago de Compostela? Slike opplevingar kan også vi få til i fylket vårt!
Møre og Romsdal fylkeskommune skal jobbe for at kulturturisme skal bli heilårsnæring: Verdiskapingsprogrammet ‘Ein bit av historia’ skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar som bygger på historia og kulturarven vår langs historiske strekningar i Møre og Romsdal, som Valldalsleia, Den Trondhjemske postvei, og Kystpilegrimsleia.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til kick-off for satsinga i Bergtatt opplevelser, 4. desember 2018. Oppmøte på parkering ved Nilsen - museet, Nåsvegen 304 i Eide.
Linken til Bergtatt Opplevelser: https://berg-tatt.no/
- Møt folk som har skapt verdiar av kulturarv og kulturminne
- Møt gründerar frå inn- og utland som jobbar med digital formidling
- Møt nestoren av Ljøbrekkas venner og hjernen bak Kongeveien over Filefjell.
- Kven er framtidas turist? Vestlandsforskning har svaret
- Korleis skal vi jobbe med programmet ‘Ein bit av historia’? Kva ønsker vi å få ut av det?
- Kva kan kommunar, frivillige og næringsaktørar få ut av verdiskapingsprogrammet?
Program for dagen: Program kick-off for ''ein bit av historia'' 3,64 MB
Deltaking er gratis. Det blir servet lunsj, og vi legg til rette for gluten- og laktosefrie alternativ.
Påmeldingsfrist: 23.11.2018