Fylkeskommunen delar ut Miljøprisen 2020

Veit du om nokon som fortener Miljøprisen? Møre og Romsdal fylkeskommune delar kvart år ut Miljøprisen. Denne blir gitt for særleg verdifullt arbeid innafor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Send inn forslag innan 2. november på denne sida: https://mrfylke.no/tilskot-pri..., eller tips andre om prisen!

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Den kan delast ut til personar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre.