Helse Møre og Romsdal ber om hjelp

Mange av våre medlemsbedrifter benytter ulike typer verneutstyr i sitt daglige arbeid. Har du eller din bedrift verneutstyr å avse?

Inviterer til dugnad for å bidra med smittevernsutstyr


Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som har tilgang på utstyr som: åndedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dresser og frakkar om å ta kontakt.

  • Vi veit at mange bedrifter i Møre og Romsdal har denne typen utstyr og vi ønskjer å komme i kontakt med dei som har utstyr å avsjå. Samtidig vil eg nytte anledninga til å takke alle dei som allereie har bidrege med utstyr til sjukehusa vår, seier adm. dir. Øyvind Bakke.

Lite utstyr på lager
Helse Møre og Romsdal har framleis nødvendig smittevernsutstyr på lager, men har eit lite lager av enkelte varer. Det blir jobba både regionalt og nasjonalt med å skaffe til veie utstyr slik at framtidige behov kan sikrast.

  • Vi har ein situasjon både regionalt og nasjonalt der vi førebels ikkje har sikra stabile og tilstrekkelege leveransar av smittevernsutstyr, men det blir jobba med ulike løysingar og eg har tru på at situasjonen vil betre seg, seier Bakke.

Ta kontakt 
Bedrifter som ønskjer å bidra med utstyr kan ta kontakt på følgjande måte: